Byggje om eller byggje nytt?

Slik kan et ca 40 år gammelt hus se ut etter en ReBygg-prosess. Illustrasjon: Brødrene Mæland

Står du overfor valet om å byggja om eller byggja nytt? Det finst ei rekkje fordeler ved å modernisera gamle hus. Med Rebygg-pakken følgjer Brødrene Mæland deg gjennom heile prosessen, frå nye romløysingar og fasadeendringar til energisparingstiltak og husbankfinansiering.

- Me opplever at mange kjøper eldre hus, bur der ei stund og så finn ut at dei vil gjera endringar. Dei liker staden, men innser at å byggja nytt hus fort kan bli dyrt. Oftare ser me at løysinga blir å rehabilitera i staden, seier dagleg leiar i Brødrene Mæland, Anders Mæland.

Og det kan vera ei svært god løysing.

Gjennom åra har Brødrene Mæland bygd seg solid erfaring med både nybygg og rehabilitering, og har no lansert konseptet ReBygg, ein totalpakke som skal gjer det enklare og meir økonomisk gunstig for kundane å byggja om, i staden for å byggja nytt.

- I svært mange tilfelle blir det eit meir økonomisk gunstig val å byggja om og rehabilitera eldre hus, enn å starta frå scratch med eit nybygg. Det er ikkje alle som er klar over kor mange moglegheiter som faktisk finst, både når det gjeld løysingar for sjølve huset, men også kostnadsmessig. Me har eit apparat som har god kjennskap og erfaring med ombygging, og hjelper kundane frå a til å i prosessen, seier Mæland.

Rebygg-konseptet er teke i bruk av stadig fleire kundar hos Brødrene Mæland. Konseptet omfattar tre viktige fordelar for huseigar: ein får rådgiving rundt gode og kostnadssparande tiltak, rådgiving for husbankfinansiering, og rådgiving rundt romløysingar og fasadeendringar.

- Når ein først har eit eldre hus som utgangspunkt, kan det vera vanskeleg å sjå korleis ein kan fornya dette.  Sara Helene hos oss er svært erfaren, og ser ofte gode romløysingar og moglegheiter rundt fasaden som huseigarane sjølv kanskje har set seg blind på. Prosjektleiar og teiknar Ørjan sørgjer for å skissera dei ulike alternativa i 3D-teikningar. Som huseigar får ein eit heilt anna inntrykk då, husa verkar splitter nye, seier Mæland.

Reint økonomisk finst det svært gunstige ordningar om ein vel å gå for Rebygg. Med dei rette tiltaka kan ein mellom anna spara opptil 140 000 kroner gjennom Enova-støtte. Prosjektleiar Ørjan Furdal sørgjer for å rådgi kundane rundt tiltak og hjelper dei i søknadsprosessen.

- Når det gjeld straumeffektivisering, kan ein får støtte for varmepumper, solcelleanlegg, etterisolasjon, og mykje meir. Det er ulike nivå av støtte, alt etter kor mykje ein vil gjera. Med full oppgradering kan ein få hyggjeleg tilbakebetaling, seier Furdal.

« Sjå alle aktuelt saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.