
Me gratulerer Karin Østbø og Bjørn Ove Toadalen så mykje med ein ny og flott enebolig som har alt på eit plan.
Tilbakemeldinga me fekk er at dei er veldig fornøyd med byggeprosessen frå start til slutt, og takkar teiknaren vår Ørjan for god hjelp med planlegging av huset og at det blei teikna akkurat som dei ønska. I tillegg til god hjelp frå vår interiørdesignar Lena både når det gjaldt fargevalg, materialvalg og søknadsprosessar.
Når det dukka opp ting undervegs fekk dei alltid raske og gode svar frå dagleg leiar Anders og byggeleiar Eivind Frette.
Dei er også storfornøyd med tømraren vår Eivind Langeland.
Me setter stor pris på tilbakemeldingar frå våre kunder og takkar så mykje for tillitten.
Brødrene Mæland ønsker Karin og Bjørn Ove lykke til i nytt hus!