Frå husdrøm til ferdig tegning

Våre egne tegnarar hjelper deg heile vegen

Har du ei tomt, ein ide og ein husdrøm? Då står våre tegnarar klare til å hjelpe deg med å gjere drømmen til virkelighet!

Hos Brødrene Mæland legger me stor vekt på den personlege kontakten. Når du kjem inn døra hos oss, ønsker me å bli kjent med deg, dine ønsker og behov. Gjennom ein tett dialog bygger me gode relasjonar som gjer at me kan skape ein heim som passar akkurat deg og din livsstil.

Våre erfarne tegnarar har gjennom mange år hjelpt kundar med å utvikle både små og store husprosjekt. Undervegs får du gode råd, smarte løysningar og fagleg rettleiing som gjer prosessen enklare og tryggare. Målet vårt er alltid det samme - å hjelpe deg med å oppfylle husdrømmen.

Har du ei utfordrande tomt? Det ser me på som ei spennande oppgåve. Me tilpassar huset til terrenget og omgivelsane, og tegnar ein unik heim som utnyttar tomta på best mulig måte. Dette gir deg eit unikt hus der funksjon, estetikk og dine behov går hand i hand.

Har du ikkje funnet tomta enda? Det er heller ikkje noko problem. Me har tilgang til ulike tomter og hjelper deg gjerne vidare, uansett kvar du er i prosessen.

Synest du det er vanskeleg å sjå for deg korleis huset vil bli? Våre dyktige tegnarar lagar detaljerte 3D-illustrasjonar der du kan oppleve huset ditt digitalt før det blir bygd.

Enten du kjem med ferdige skisser eller berre ein ide om korleis drømmeheimen skal sjå ut, er du velkommen til ein uforpliktande prat med oss.

Brødrene Mæland leverer på heile Haugalandet.

Ta kontakt så me kan starte reisen mot din nye drømmeheim!

« Sjå alle aktuelt saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.