Går frå byggjeleiar til seljar

Bilde av Thomas Rullestad
Frå januar 2024 gjekk Thomas Rullestad over i ny stilling hos oss. Etter fem år som byggjeleiar, skal han nå selja hus og hytter.

Thomas har lang erfaring i byggjebransjen og starta å svinga hammaren som 17-åring. Etter endt læretid hos Brødrene Rullestad, jobba han fleire år i Stavanger med storbygg. Så flytta han heim og jobba 2 år for byggmester Atle Rosseland før han starta for seg sjøl til han vart tilsett hos Brødrene Mæland i 2019.  

Erfaringa som tømrar tar han med seg inn i seljarjobben, der det er viktig å kjenne marknaden, byggjeprosessen og salsregionen godt.  

– Eg tar med meg god erfaring med kundekontakt og kjennskap til både leverandørar og utførande inn i jobben, seier Thomas når han fortel om den nye rolla.

Thomas er ein smilande kar som er særs løysingsorientert og opptatt av å følgja opp kundane sine behov. Utfordringar tar han på strak arm, og han gler seg til å kunna visa kundane våre kreative og kostnadseffektive prosjekt.

– Det er kjekt å vera med frå starten, og å få være med på å skape og byggje heimane til folk, seier Rullestad når han snakkar om jobbskiftet, og legg til at han gler seg til å ta fatt i den nye rolla.  

« Se alle aktuelt saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.