Hils på Arne, vår nye byggjeleder!

Arne Baustad har følgt Brødrene Mæland tett i fleire år. No har han vorte den nye byggjeleiaren deira.

- Eg har alltid hatt sansen for gjengen i Brødrene Mæland. Dei vågar å satsa, har full fokus på kvalitet, alltid godt humør og beina godt planta på jorda, seier Arne Baustad.

Like over påske hadde han den første arbeidsdagen sin som byggjeleiar hos Brødrene Mæland. Sjølv om han er fersk som tilsett, er han godt kjent med byggjefirmaet.

- Sidan 2017 har eg vore innleidd for dei til fleire bustadprosjekt, mellom anna i Ølen og på Balahaugen i Sandeid. Det har stort sett gått i privatbustader til no, men i den nye stillinga vil det nok bli eit større spekter på prosjekta, seier 31-åringen, som tykkjer det har vore motiverande å sjå korleis bedrifta har utvikla seg.

- Då eg først starta å jobba med dei var dei ikkje så mange, og det har vært inspirerande å følgja dei gjennom veksten dei siste åra, seier Baustad som er tilsett nr 12 ho Brødrene Mæland.

Tysvær-buen har lang fartstid som tømrar og byggmeister, og er godt kjend i byggjebransjen «innover» i Vindafjord og Etne.

- Eg starta som lærling i Haakull & Ersland, og fekk vera med på ein god del større prosjekt der. Dei siste åra har eg stort sett jobba sjølvstendig, fortel Baustad som framover vil veksla mellom byggjeplass og kontor i den nye jobben.

- Me har mange spennande prosjekt på gang no i vår, som blant anna: ein firemannsbustad i Vikedal, eit Naust i Sandeid, ei hytte i Hervik og ein i Etnefjella, seier Baustad.

« Sjå alle aktuelt saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.