Me trivst godt i «Ljoshallbygget»

Bilete av Ljoshallbygget
Brødrene Mæland flytta inn i nybygget «Ljoshallbygget» tidlegare i år.

Etter fleire månader er me godt på plass og me trivst veldig godt.

‍

Dei nye lokala, som både er romslege og moderne, tilbyr betydeleg meir plass enn vårt tidlegare kontor. Plasseringa gir ein enkel tilgang til både kundar og samarbeidspartnarar.

‍

Dagleg leiar Anders Mæland merkar allereie ein positiv effekt av flyttinga.

‍

Dei tilsette har òg lagt merke til forbetra arbeidsmiljø, med betre lysforhold og meir moderne fasilitetar.

‍

Med dei nye lokala ser firmaet fram til vidare vekst. Brødrene Mæland er godt rusta for framtida og gler seg til å halda fram med å levera kvalitetsarbeid til våre kundar.

‍

Det er og mogleg å leiga kontorplassar på Ljoshallbygget.

‍

- Me ønskjer oss fleire dyktige folk inn i bygget. Her kan du jobba effektivt og samtidig vera ein del av eit hyggjeleg og sosialt arbeidsmiljø, seier Anders Mæland.

‍

« Sjå alle aktuelt saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.