Overlevering i Ølen

For snart to veker siden hadde me gleden av å overlevere nøklane til eit heilt nytt hus i Ølen!

Etter månader med godt samarbeid, planlegging og nøyaktig handverk, stod bustaden klar – akkurat slik kunden hadde sett føre seg.

Huset er bygd med fokus på kvalitet, funksjonalitet og moderne løysingar, og me er stolte av resultatet! Frå solide materialvalg og smarte planløysningar, til dei små detaljane som gjer huset til eit hjem. Her er ikkje ein einaste kvadratcentimeter gått til spille – kundane har virkelig tenkt gjennom kvar einaste krok!

Ein stor takk til alle dyktige håndverkarar og underleverandørar som har vore med på dette prosjektet, som blant anna består av Kenneth Krokå, Edvard Bygg, XL-Bygg, Ølen Trevare og Funtek - og ikkje minst ein stor takk til kunden, for tilliten og det gode samarbeidet.

Me gratulerer så mykje med eit nytt hjem – me ønsker dåken lykke til i det nye kapittelet!

På overleveringa hadde byggeledar Arne med seg ein heilt spesiell assistent – nemlig dattera hans Sunniva, så tok inspeksjonsoppgava på strak arm.

« Sjå alle aktuelt saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.